La oss for all del snakke om berøringsangst

Mariann Enges kommentar om Munchmuseets arrangement «Vi må snakke om Tyskland» gir ei urimeleg attgjeving av synspunkta mine.

Fra Astrid S. Dypviks foredrag under arrangementet «Vi må snakke om Tyskland» på Munchmuseet 23. april. Foto: Jan Christensen.

Kunstkritikks redaktør Mariann Enge besøkte Muchmuseets arrangement «Vi må snakke om Tyskland», og ho delar sine tankar om det som hendte der under overskrifta «Svakt og uansvarlig». Ho er kritisk til det ho kallar Munchmuseet og debattdeltakaranes berøringsangst med spørsmål knytt til kritikk av Israel i dagens Tyskland.

Det redaktøren kallar berøringsangst, handlar for meg om ramma for møtet: Utgangspunktet for debatten var Munchmuseets utstilling Med begge beina først. Munchmuseet har jobba med utstillinga sidan 2017. Utgangspunktet er korleis Edvard Munch har vore ein av fleire viktig inspirasjonkjelde for Georg Baselitz’ kunstnarskap. Gunnen til at eg vart invitert, er at eg er historikar og har gitt ut fire bøker om tysk historie og samfunn. Denne bakgrunnen er relevant fordi Baselitz (f. 1938) har opplevd både Hitlertyskland, krigsnederlag, DDR-stalinisme, vest-tysk småborgarlegheit og tysk samling. Han har tematisert alle desse epokane i kunstnarskapen sin, t.d. i portettserien med tittelen Helden (1965-1966), i Dresdner Frauen (1990), i serien Russenbilder (1998-2002). Ettersom Baselitz’ kunstnarskap er så tett knytt til nyare tysk historie har også Evelyn Schels sin portrettfilm tittelen Ein deutscher Maler (Ein tysk kunstnar, 2012). I sjølve utstillinga framheva Munchmuseet eit sitat av Baselitz, der han omtaler det å vere tysk, som det han ikkje kunne sleppe unna. Alt dette snakka eg om i innlegget mitt. I tillegg snakka eg om kva det er å vere tysk, i ei tid der det nasjonale står lågt i kurs på grunn av åra 1933-1945.

Eg er kjent med debatten om ytringsfridom knytt til spørsmål om Israel i Tyskland. Ein grunn til at eg ikkje tok det opp i mitt innlegg, er at Baselitz’ kunstnarskap og hans tid, frå 1938 og til i dag, er omfattande i seg sjølv. Ein annan grunn er at eg ikkje er kjent med at Baselitz sjølv skal ha tematisert situasjonen i Gaza eller ytringsklimaet knytt til Israel i tysk kulturliv eller i samfunnet elles.

Vi som sat i panelet fekk to kommentarar frå salen om Israel og Gaza. Ein var frå redaktør Enge som skriv at «Dypvik avfeide det til alt overmål som noe folk i Tyskland ikke er opptatt av – og hevdet at det bare er folk i Norge som har et overdrevet fokus på disse spørsmålene». Dette er ei urimeleg attgjeving av synspunkta mine. Begge innlegga frå salen inneheldt mange godt underbygde eksempel på ein problematisk situasjon. Det handla om sanksjonar, folk som har mista arbeid i kulturlivet og på politivald mot pro-palestinske demonstrantar. Til dette svarte eg at det verka som om dei som tok ordet frå salen hadde sett seg godt inn i saka.

Og, eg har framleis inntrykk av at folk i Noreg er meir uroa for situasjonen for Palestinavener i Tyskland, enn kva folk i Tyskland er. Men det at fleirtalsmeninga i Tyskland er ei anna enn her, betyr jo ikkje at fleirtalsmeininga i Tyskland er rett. Poenget mitt er at den er annleis. For meg ser det ikkje ut til at godt dokumenterte overtramp mot pro-palestinske har ført til nokon breitt anlagt samfunnsdebatt om ytringsfridom i tysk offentlegheit. I februar reiste eg i Tyskland for å følgje valkampen. Det partiet som snakka mest og høgast om ytringsfridom var det høgreekstreme partiet Alternativ for Tyskland. Og dei snakka ikkje om Israel, men om sensur og sanksjonar dei meinte seg å vere utsett for. Ein av dei tonegjevande organisasjonane for ytringsfridom, tysk PEN, har tatt avstand frå PEN-internationals kritikk av ytringsfridomssituasjonen i Israel. Denne veka valde den tyske forbundsdagen ein kanslar som har sagt at han svært gjerne vil invitere Israels statsminister Benjamin Netanyuahu, som den internasjonale straffedomstolen i Haag har utstedt arrestordre på, på statsbesøk.

I ei polarisert offentlegheit oppstår blindflekkar. I dette tilfellet fører det til at det er vanskeleg for dei som vil protestere mot Israels brotsverk i Gaza, å seie meiniga si Tyskland. Etter det eg kan hugse, snakka vi som sat i panelet mykje om grunnen til at det er slik – det handlar om nazistanes brotsverk, men aller mest om den nasjonale sjelegranskinga som Tyskland har drive med i åra etterpå.

Astrid Sverresdotter Dypvik er historiker, forfatter og rådgiver i den sentrum-venstreorienterte tankesmien Agenda.