Tvilen skal komma oss til gode

Valet var lett då eg skulle velja mellom å melda denne utstillinga og Sideshow på Galleri Gathe.


Valet var lett då eg skulle velja mellom å melda denne utstillinga og Sideshow på Galleri Gathe. Sistnemnde verka som ungt nasjonalt innavl og på sida av samfunnet, med kunstnarar som prata og tok opp rommet fyrste opningsdagen som om dei var meir opptatt av å visa fram seg enn kunsten. Så då eg kom til 3,14 var det som å komma til utlandet, utan å antyda at all utanlandsk kunst er himmelsk.

På 3,14 vil mange verk ha ordet og vår merksemd. Det fortoner seg nesten som støy, ikkje særleg mjukt. (Eg er glad det var råd å bruka øyreklokker ved mange verk, for sånt skal ein vera forsiktig med, – eit galleri må jo kunna snikra litt så alle får eit eige rom.) Men her er truleg dei mange høyrbare stemmene ikkje berre eit resultat av arkitekturen, men eit bevisst innslag som eg stiller meg positiv til. Kuratorane og kunstnarane har ein vilje, til dels ein vri på dei politiske begrepa «vilje til makt» og «viljens triumf». Det fyrste begrepet henspeler på henholdsvis Friedrich Nietzsche sitt hovudverk, men då ikkje som ei polemisk og total omkalfatring av verdiar, men vilje til å belysa og nyansera ulike aspekt av makt, og for så vidt/derigjennom moral. Det andre begrepet henspeler på Leni Riefenstahl sin film som nazistane kunne utnytta for propaganda, men igjen – her er det ei meir positiv, og demokratisk om du vil, oppvising av metodar for å fremja eigne meiningar. Dette er berre to eksempel på berikande undertekstar i utstillinga. Eg gledde meg til å skriva denne meldinga, og lot meg berre avbryta av eit intervju med forfattaren Torgny Lindgren. Tilfeldigvis framheva han nettopp den kunstneriske viljen, alvoret, og likte ikkje at folk brukte ordet skrøner om hans forteljingar for det impliserte skrik og skrål.

Kuratorane har det dei kallar «long term concerns». Concerns er eit godt ord som misser eit og anna i omsetjing, men det går elles i at dei har langsiktige anliggender (anliggender er eit ord som misser eit og anna i omsetjing til nynorsk, men det vert vel noko sånt som siktemål, hensikt, vilje). Dei har ein visjon og det er berre å oppskatta. Premisset er at den enorme informasjonsmengda, særs den digitale, som omgir oss, snarare tilslører enn avdekkar. At samanhengen med verkelegheita ikkje er gjennomsiktig og uskyldig, og at mulegheit for å oppnå og misbruka makt dermed oppstår. At dei vil analysera dette og eventuelt tilby ei motvekt gjennom ulike kunstnarar, er greit og nokså standard modus operandi. Men at utstillinga og har som premiss at verda lir under kollektiv angst (sjå sitat nedanfor), er tynn. Greit, eg kan ikkje beleggja det empirisk, det er vel berre eg som er uredd eller lever for isolert og analogt. Eg ignorerer dette premisset og liker utstillinga. Eg siterer kuratorane sine ord om kunstnarane som deltar: «…they draw our attention to the fact that ignoring the actual causes for the collective sense of fear entertained by the media is more fearful…than the fear itself.» Det er eit ordspel på ein kjent politisk tale, nemleg Franklin D. Roosevelt som sa «The only thing we have to fear, is fear itself» under Depresjonen. Noko av kjernen ved denne fint ihopsette utstillinga er ei utforskinga av politisk retorikk, forutan det å ha innflytelse og å oppleva avmakt. Med basis i dette veljer eg å gå nærmare inn på to av verka på Soft Manipulation.

To perform or not to perform

Rabih Mroué (RL) & Elias Khoury (RL): «Three Posters», 2003

Sannheita gjer seg ikkje på fjernsyn, sa vår fylgjesvenn Torgny Lindgren på fjernsyn, og vidare at all kunst handlar om at me ikkje får vita sannheita om oss sjølve. Sann hans ord. Men han sa og at han ville gje livsløgna eit lukkeleg fjes. Torgny Lindgren om løgn og sannheit er kosteleg lesing. Rett inn i det temaet går «Three Posters», av Rabih Mouré og Elias Khoury. Utgangspunktet er eit videoopptak av ein sjølvmordsbombar sine siste ord. Ein redigert versjon vart vist på nyheitene i Libanon, men det opprinnelege opptaket var i seg sjølv eit av fleire, og desse meir menneskelege versjonane vart oppdaga hjå kommunistpartiet som var imot okkupasjonsmakta Israel. Kunstnarane går inn i materialet og så å seie i dialog med sjølvmordsbombaren som om han er til stades kvar gong hans opptak vert spelt av. Eg har sett verket to gonger og ser det gjerne igjen, ikkje berre fordi eg er treg, men fordi det er godt og mangefasettert. Her er ei ihopblanding av ulike nivå, som verkelegheit og fiksjon, realtime og meta. Til dømes forvirrer deira bruk av ordet performance (iallfall meg som dessverre er utsett for forvirring, og derfor er livet mitt minst dobbelt så innhaldsrikt, å ja). Det vert vel påstått at denne «martyren» utfører ein politisk performance, og ikkje ei handling (action).

Det er uproblematisk viss ein sluttar seg til teaterteoretikar og spesialist på performance Knut Ove Arntzen sitt utvida syn på performance. Han har blant anna omtala intervjuet i NRK der han framsette dette, som ein performance. Etter mitt syn vatnar dette enten ut begrepet, eller så er livet ein scene. Dette usikre feltet med dei mjuke overgangane som eksempelvis «Three Posters» manifesterer, er beteiknande for Soft Manipulation. Det vert fastslått av kunstnaren i videoverket at fundamentalistar ikkje har rom for debatt, men han presterer sjølv å diskutera og be-handla ulike typar fundamentalisme ved hjelp av noko ein fundamentalist har etterlatt seg. Eg håper kjernen i all tru er tvil. Og den begrepsopptatte Torgny, kva sa så han om handling? Jo, at handling bestem vekta og verdien av livet vårt.

Hög svansförning.

Per Hasselberg (SE): «Option» 2005

Sverige sine standpunkt til atombomba er det konkrete bakteppet for Per Hasselberg sitt intervju med Bengt Göransson som var involvert i prosessen, som i essens dreia seg om for eller imot. Denne formidlar at det fanst både klare og diffuse synspunkt, og fortel om sosialdemokraten Olof Palme si evne til kompromiss. Intervjuobjektet framhever at enden på visa med mange vers vart at Sverige dog ikkje skaffa seg bomba og at Palme kom til å leda ein nedrustingskampanje. Eg er ikkje inne i denne svenske historia og ikkje den beste til å gjengi dette, men trekk fram denne videoen likevel fordi den meir indirekte handlar om korleis politiske saker vert vedtatt eller overlatt til ein gråsone. Kunstnaren, som assosierer til Frost i filmen Frost/Nixon frå 2008, er fascinert av Sverige sine «mjuke beslutningar», evna til kompromiss og nyansering. Dei to samtalepartnarane kjem inn på at enkelte røyster sa at Sverige ikkje var nøytralt, men at landet så å seie låg under USA. Mot dette held intervjuobjektet fram at Sverige ikkje var NATO-medlem og at det elles hadde «hög svansförning» overfor USA.

Derifrå går dei to over til å snakka om politisk dobbeltmoral. Etter å ha sett filmen to gonger, lurer eg på om ikkje intervjuobjektet sjølv har eit snev av hykleri/manipulasjon i sitt syn på argumentasjon og formalia ved styre og stell. Videoen framviser mulegheitene ved dialog, men og diplomatiet sitt subtile potensial for maktmisbruk. Göransson seier forøvrig at demokrati byggjer på diskusjon, og at viss utgangspunktet er at samfunnet er noko ein må mistru, så er diskusjon meiningslaus. Kva ville Lindgren ha sagt? I før nemna intervju sa han iallfall at viss ein ikkje har følelsen av å skriva som representant for menneskeheita, så er det meiningslaust.

På 3,14 er det mange gode representantar som taler til allmenheita frå ulike deler av og situasjonar i verda. All kunsten er frå det siste tiåret, men i tillegg til linjer bakover, er her ei rekkje parallellar til det aktuelle politiske landskapet i dag, frå Barack Obama sin nye giv til Knut Storberget sine initiativ. Om du så bur i Alta, så er utstillinga verdt turen.

Mine innvendingar er små. Utstillinga vert omtala som eit «samarbeid» med kunstsenteret Casino Luxembourg, der den vart vist fyrst og som den eine av kuratorane driv, men verkar meir som utlån av lokale. Ingen frå 3,14 er med å kuratera. Ein kunne ha tilpassa informasjonsarket til 3,14 og dessutan omsett tittelen og arket.

Medverkande: Alexandra Croitoru & ST, Köken Ergun, Sagi Groner, Per Hasselberg, Saskia Holmkvist, Andreja Kuluncic, Julia Meltzer & David Thorne, Carlos Motta, Rabih Mroué, An-My Lê, Ferhat zgür, Jenny Perlin, Lisi Raskin, Bert Theis, Måns Wrange, Carey Young, Katarina Zdjelar og Artur Žmijewski. Kuratert av Zoran Eric, Maria Lind og Enrico Lunghi. Ingressbilde fra Bert Theis (L): «Out for Isola» 2004.

Comments (3)