Synleggjerande kamuflasje

Soldatane er kledd i kamuflasjeuniform, men er likevel det mest synlege i landskapet

Soldatane er kledd i kamuflasjeuniform, men er likevel det mest synlege i landskapet. Felles for dei er dei barnlege munnane, deira lepper assosierer til ungar sine lepper.


«Dei døydde i tjeneste, dei gjorde si plikt, så det er me takknemlege for», sa Kongen, militært antrukke, på Dagsrevyen dagen etter at han hadde vore på opninga av festspelutstillinga. Kommentaren gjaldt norske FN-soldatar i Libanon i 1978. Kva anna skulle han seie? Han kunne jo ikkje godt ha sitert Arne Næss sine ord om at i framtida kom ein til å sjå på krig som svært barnsleg.

I midterste sal treff me soldatar med norsk flagg på armen og UN på hjelmen. Salen presenterer serien «Soldater, blindgjengerrydding». Soldatane plukkar patronhylser og liknande, til dømes skimtar me ordet syre på ein gjenstand i den eine sin ryggsekk. Dei er kledd i kamuflasjeuniform, men er likevel det mest synlege i landskapet. Dei er ekstremt iscenesett av fotografane, primært gjennom belysning og stilling. Soldatane er identifisert, men likevel anonymisert til typar: den upersonlege soldat. Dette er ikkje ein negativ reduksjon for det får fram assosiasjonar til det masseaktige og robotaktige, altså til det tankelause. Felles for dei er dei barnlege munnane, deira lepper assosierer til ungar sine lepper. Dette konnoterer barnesoldatar.

Særs i det tredelte Påkledningen som heng i nabosalen til venstre, er dette framheva. Også her er personane i fokus og den eine, som me finn igjen på alle tre fotoa, er sjukt ung. Ein mørk soldat lærer to litt yngre lyse – dei har både lyst hår, hud og auge – å ta på verneutstyr ved at dei kler på han. Det minner om jenter som kler på dokker. Viss dette med alder og fargemotsetningar er tilfeldig, så har kunstnarane vore heldige, iallfall viss ein ikkje er redd klisjear.

Her er eit nærmast ironisk nivå. I fleire av bileta er det som om soldatane vert fryst i ulike positurar som indikerer at litt tid har gått, at enno ei ubetydeleg hylse har vorte plukka opp. Dei minner om kommunalt tilsette bossplukkarar, men billedleg sett har dei ein like framtredande plass som ein tragisk helt på ein teaterscene. Generelt verkar dei som reiskap og konnoterer utnytting.

Fra serien Soldater, blindgjengerrydding, Ingrid Book og Carina Hedén

Referansar eller kunsthistoriske linjer for eksempel til romantikken og realismen er nemna i kritikkar og omtalar allereie, så eg vil dra inn andre. Den eine er Odd Nerdrum. På foto 3(7), enno «Soldater, blindgjengerrydding», assosierer soldaten med sitt hovudplagg til malaren sine vakter og speidarar. Vidare befinn begge seg i meirsom eit ødeland eller ubestemmeleg landskap. På fotoet Instant Shelters som ikkje høyrer til denne serien, ser me eit vinterlandskap så goldt og øde at sjølv dei sylvkvite hangarane/brakkene utan glas verkar lune. Soldaten på foto 3(7) studerer noko minutiøst på ein inngåande måte. Det ser ikkje ut til at han driv med noko meiningsfullt, men hans størrelse, positur og belysning indikerer noko tydingsfullt.

Ei anna grein av kunsthistorien er krigsverk. Dømer her er alt frå maleri av Napoleon til hest, Tredje mai 1808 til Guernica. (Framgangsmåten i den byen var visst fyrste prøve på ein ny krigsstrategi – å ikkje skilja sivile og militære mål. Eg kan ikkje hugsa kor eg las om denne taktikken, håper det ikkje var hjå katalog-referenten Harald Flor.) Perspektivet varierer frå seierherre til sivile offer, men felles i verka er det uttalt politiske. Utstillinga «Militære landskap» er meir implisitt politisk.

Så til ein tredje muleg referanse. Den før nemna belysninga gjeld og grunnen desse soldatane står på. Den tekniske kvaliteten gjer at bileta er den reinaste flora. Korleis er grunnen me står på? Kva/kven ligg under torva? Eg tenkjer på Kitty Kielland. Men der Kielland viste til landbruk og husbruk i sine kulturlandskapsverk, viser fotografane til ein ganske anna bruk av naturen. Det går an å innlemma dette i deira utvida tenkning kring økologi. Til dømes har det likheit med prosjektet Øvre Smestad Parsellhager som mellom anna har å gjera med mulegheitene for grøne flekkar i eit offentleg regulert urbant kulturlandskap.

Militær utsikt angrepsfelt sør, Ingrid Book og Carina Hedén

Utstillingstittelen, som er identisk med den eine serien, «Militære landskap», er god, nesten ironisk. Kunsthistorien er full av landskap og utsyn, der naturen er alt frå forherliga til vill, gjerne med antropomorfe innslag. Frå serien «Militære landskap» kan eg til dømes trekkja fram titlar som Landskap med betongplate, Landskap med testslette og Skytefelt for stridsvogn. Elles kan ein ta med foto som Landskap med voller og Militær utsikt angrepsfelt sør. Fotografiske versjonar av kunstretninga omgjevnader? Poesi? Uansett, verka bryt med eller oppdaterer landskapssjangeren og leikar med toposen så vel som med våre forventningar til kva som finst i naturen, litt i slekt med Mikkel McAlinden sine digitale naturmanipulasjonar. Det ein ved fyste augekast kunne tru var eit skiferbrot, avslører tittelen er eit skytefelt. Snakk om natur sett gjennom eit temperament! Vollen i Landskap med voller er, ja du gjetta det, ingen naturleg voll. Går ein på ein lang fjelltur ventar ein gjerne å finna eit lite vatn, ikkje ei betongflate eller testslette. Det vert jo den reinaste profane openbaring.

Men her er me tilbake til det implisitte, det er fristande å seie esoteriske. For ein stor del av fotoa er folketomme. Militær utsikt angrepsfelt sør er eit eksempel. Området er folkeskapt, men tomt, med militære vollar og vegar og ein begynner å lura på kor vegane fører. Det verkar labyrintisk, innforstått og framandt. Kunstnarane får fram det noko absurde ved dette spesielt på eit foto som heng i rommet inst til venstre. Ein snødekka veg leder oss inn i Voll, snø, inn til ein stort sett snødekka militærvoll som får dei siste strålene av kveldssola på seg. Like blotta for meining som Elg i solnedgang? Då tenkjer eg ikkje meiningslaus kunst, men meiningslaust i retning, tja, pasifisme, om det er råd å formulera seg sånn. (Krig og fred og sånt er dumt.)

Fra serien Olympia, Ingrid Book og Carina Hedén

I denne salen ser me også fotoet Forberedelse der soldatar er spredt utover eit hogst- og kjøyrefelt iferd med å kamuflera seg. Dei skal gå i eitt med naturen, men ser meir ut som eit framandelement, som aliens, noko dei også gjer på andre foto. Kjøyrespora ser ut til å vera etter eit uvanleg fartøy, a la testturar på andra planetar. Mine inntrykk spenner frå det komiske til det dystre. Eg ser på mitt forkvakla vis komikk i vollen og komikk, for ikkje å seie stereotypi, i cola-flaska og cola-automaten på todelte Olympia, i same sal. I begge deler av verket sit ein soldat i nettingundertrøye i ein mørk hangar og fiklar med eit eller anna utstyr, og det ser ut til at han ventar på å dra vidare. Colaen og undertrøya har prosaiske, ikkje langt frå heimlege, undertonar.

For det er noko domestisk, med eit islett av ironi, over det mange verk framsyner og det får meg til å tenkje på at mi bestemor brukte eit bombehylster som blomstrepotte og åt på etterlatt nazi servise til morgon, middag og kvelds etter andre verdskrig. Eg var inne på det jentete ved Påkledningen. I det spartanske I kjelleren ser me to soldatar som forunderleg nok hjelper kvarandre å stryka eit militært plagg ved at den eine held i det mens den andre stryk. Dei smiler med attlaten munn. Det ser utstudert ut, som om dei er bedt om å spela komedie.

Skapet, Ingrid Book og Carina Hedén

Skapet er eit foto av ein soldat som brettar tøy mens ein annan observerer, sannsynlegvis ein som inspiserer og eventuelt korrigerer. I det opne metallskapet bak dei står mellom anna ein deodorant, Colgate, eit «Forsvaret»-handkle og tankane går til sirlegheit og reinslegheit. Her er eit husmorsaktig og familiært nivå. Attmed skapet heng eit broderi der det står «A young man who does not have what is takes to perform military service is not likely to make a living…. John F. Kennedy». Igjen eit spel med stereotypiar, og (u)passande nok skimtar me eit Larsons gale verden-blad i ei hylle i rommet. Skapet er eit av mange identiske skap og det er ingenting å lura på kva dei andre soldatane har i sine. Det personlege er ikkje berre kamuflert, det er vekke.

Kamuflasje med trapp heng også i denne tredje salen som elles altså har huslege trekk, noko ein jo forbind med komediesjangeren generelt. Fotoet, som vel viser ei kamuflert trapp – eit grønt kamuflasjenett dekkar det heile – ser ut som ei teaterkulisse rulla ut til ein skogkant som ei anna teatervogn. Noko skal kommuniserast, men det er hemmeleg kva? Brecht eller Beckett? Politisk eller absurd? Den installasjonsliknande tingen er vel noko til ei øving, og kanskje er fotoet ein variant av spelet i spelet frå fotografane si side.

Fotoa, alle frå 2005 til 2008, har veldig god teknisk kvalitet. Dessutan har dei typisk ein klassisk og forutsigbar tredelt komposisjon, eksempelvis med snø nærmast, jord i midten og himmel øverst som i det store Standplass, snø. Jamt over er bileta fine. Det kan verka utruleg innhaldet tatt i betraktning.

Det er ei stund sidan eg har sett ei så einsformig festspelutstilling. Overordna sett, både tematisk og estetisk, er det ganske monotont. Eg kan lika det einsformige og monotone. Det er heilt greit og som det skal vere når ein arbeider med seriar og prosjekt. For innanfor dette finn du på denne utstillinga stor variasjon, enten det dreier seg om type militære inngrep, graden av menneskeleg tilstadeværelse eller årstider for den del – og ikkje minst tolkingspotensialet som sjølvsagt er viktigast.

Ingressbilde: Fra serien Påkledningen, Book & Hedén.

Leserinnlegg