Utstillingen etterlyser kritikken som motmakt, og vil at kritikkbegrepet skal diskuteres, men den kommer i liten grad med argumenter til en slik diskusjon.
Plapring. Det er det fyrste som møter publikum. Tolv av disiplinen kritikk sine disiplar tyt oss øyrene fulle om sitt eige verke. Meir nyansert vil det seie at kunsthistorikarar, andre universitetsutdanna personar – jamt over frå humaniora, redaktørar og kritikarar som også er kunstnarar, svarer på spørsmål eller teser om kritikk. Lysten til å høyra på dei går fort over. Det vert så mykje på ein gong; kameraet er ganske så opp i fjeset på dei, fjesa er i sin tur veldig forstørra, i tillegg har du altså polyfonien og dessutan projisert tekst. Teksten er problemstillingane og påstandane frå den muntlege intervjusituasjonen, og denne teksten rullar og går jamt og trutt under dei tolv projeksjonane.
Ein tilsett kjem plutseleg som sendt frå himmelen og forklarer uoppfordra at ein kan regulera antal stemmer og lydnivået. Eg føler meg forplikta til å opplysa ein eldre mann som om litt kjem inn om at han ikkje treng å høyra på nett den eg har valgt og korleis han eventuelt skal endra det. Men nei, han tar mitt valg for gitt. Og korleis er utvalet? Bergen og Bergens Tidende er prosentvis veldig godt representert, men Øystein Hauge manglar. Berven sa på Kulturnytt at nokon av dei beste/krassaste (hugsar ikkje kva ord ho brukte) hadde ho latt utebli, og eksemplifiserte med han. Personleg liker eg Hauge når han er poetisk, for han verkar genuin då, og ikkje så mykje når han viser at han har kunstteorien inne. Diverre, men sjølvfølgeleg, er Tommy Olsson med, denne tinnsoldat i sjølvforsvar. Han var ikkje audmjuk, men barnsleg i konfrontasjonen med dei legitime innvendingane mot hans kritikk-mal. Kvifor bruka tid på å lesa om hans drosjeturar til eller frå galleri og andre usaklege forteljingar? Eg slutta å lesa han ein stad i debatten, mellom anna på kunstkritikk.no, om hans skule.
Alle kritikkar og innlegg frå kunstkritikk.no vert skrive ut og endar i stablar i galleriet. Femten minutts berømmelse? Kunstkritikk.no 1:1 vert denne delen av verket kalla. Artig tittelmessig. Men pressemeldinga sine ord om at kritikk vert objektivisert – kva er det for noko tull? Vidare er her ein todelt minivideo kalla Alfabetisk bearbeid som heile tida produserer ord digitalt à la ei ordliste. Me ser til ei kvar tid berre deler av ordrekkjene, som sidene i ei digital ordliste. Til slutt vert alt merka med svart og sletta. Til dømes stod «kvalm, intetsigende, demonisere, fornærme», å lesa – «funne ord» frå kritikkar? Og vil lekfolk forstå kva eg meiner med «funne ord»? Er kritikarane Ingrid sine muser?
Antigoni heiter ein annan del av verket. «Pasjon og polemikk» vert til informasjon kalla éit samansett verk. Antigoni består av eit varme- og eit kuldeelement forma som hender som pekar pistolaktig mot kvarandre. Eg hadde venta at Berven skulle koma med ei motrøst, mens eg føler at eg finn berre illustrasjonar, som at to synspunkt meirsom står steilt mot kvarandre (jamfør varmt – kaldt). Og det er jo så banalt at det kanskje betyr at kunstnaren plederer for nyansar, litt velvillig tolka? Ettersom ho speler på totaltilnærminga på galleriet si heimeside, hadde ein gjerne venta seg ein kunstnar som agerte som totalteater regissør. Litt velvillig igjen, så er det vel ei slags mild iscenesetjing av kritikarar ho driv med i utstillinga sin hovuddel, den eg byrja meldinga med å fortelja om.
Ideelt sett bør ein kritikar ha teft for kunst, ein intuitiv forståelse. Ideelt sett bør ein nærmast vera kunstnar for å uttala seg, iallfall ikkje vera Vidar Kleppe. Då fell jo alt som ikkje liknar på Gude og Dahl utanom. Men «stemmeberettiga» er eit fælt ord, og kven skriv ein eigentleg for? Det er ilt å oppleva vanlege folk som ikkje føler dei har rett til eller vågar å gå inn i galleriet der eg av og til arbeider som formidlar. I pressemeldinga til «Pasjon og polemikk» heiter det at på do er alle meiningsberettiga. Viss eg hadde hatt yrkesstoltheit så hadde eg tatt det som ein fornærming. Men eg identifiserer meg verken med kritikk- eller kunsthistorikargjerninga. Når eg er på den sida, på feil side, er eg ikkje pasjonert, men gjer det for pengane. Eg prøver å ikkje vera sjølvbiografiserande, men også kunstnarar er det. Tenk på Tracey Emin og Sofie Calle. Uansett, på doen på Hordaland kunstsenter kan ein lesa kva besøkjande har rabla ned, til dømes «Ja til flere heltidsansatte kritikere!» og «Ja til flere deltidsansatte kritikere!» Og betalinga? Kritikarar kan ikkje slå i bordet med liknande det Berven har hatt å rutta med: etablerarstipend, utstillingsstipend, utstyrsstøtte, pengar frå vederlagsfondet og garantiinntekt.
Ingrid Berven kritiserer ikkje kritikkbegrepet eller kritikarar, men er på overflata. Ho kopierer og speglar kritikken. Laga ho verket utifrå meldarane? Det er i så fall betenkeleg, iallfall så lenge ho ikke polemiserer sjølv. Ho lar seg i tillegg bruka som eit mikrofonstativ av desse tolv. Og er det eit element av dette i alle kritikkar? At kvart verk ein skal melda og alt ein skal uttala seg om, er eit påskot for å koma med meiningar ein ville hatt uavhengig av det aktuelle verket? Makt er ikkje upersonleg, som Siri Meyer skriv i Den lille Machiavelli: Maktspill til hverdagsbruk, og følelsar er med i spelet. Kva gjeld det personlege, så er ikkje kunstnaren det i dette tilfellet sjølv om det vert spela på totalkunstverket/-regien. Ho verkar ikkje opptatt av å vinna fram, ho fortel meg ikkje noko nytt, er ikkje til stades bortsett frå i utvalet av kritikarar og ledande spørsmål. Vidare så er det ikkje råd å ana kva Berven tykkjer om emosjon i kritikk, om ho er «open for» eller negativ til det, jamvel om det er eit av stikkorda som vart gitt til dei tolv kritikarane/deltakarane. Kjønna kritikk tas og opp, men då om kvinner og menn tar kritikk på ulik måte. Uinteressant, og på nivå med å verta imponert over «kvinner som kan». Andre emner er smak og jantelov. Her er ganske mange element, og difor lite som festar seg?
Eit deltema for Berven er fagområder. Det dreier seg om standardar, som igjen går på erfaring og evne til å uttrykkja seg. Dette vil eg fyrst kommentera ved å fortelja om ein kollega som meinte det var inkjevetta å verta kunsthistorikar – det var berre å tileigna seg terminologien… Dernest vil eg kommentera det på komande vis. Gunnar Danbolt er ein av Berven sine tolv, og eg erindrar at han på ei forelesing fortalte om kritikaren Clement Greenberg. Denne hadde så mykje makt og autoritet at kunstnarane han skreiv om ikkje turde anna enn å seia seg einige med han, at ja, det han påstod dei dreiv med, det dreiv dei med. Eg legg til at då postmodernismen kom, og Greenberg fortsatt var hardnakka modernist, sank beundringa frå både kunstnar- og kritikarhald. Likevel vil eg seie at han har påvirkningskraft i feltet enno, kunstteoretisk/-historisk.
Prisverdig er det at Berven vil at begrepet kritikk skal verta diskutert, men ho vil visst ikkje gjera det sjølv. Viss eg tilsynelatande ikkje har skrive om verket, så er det fordi Berven er lite synleg (noko som her ikkje betyr at eg set likskapsteikn mellom verk og kunstnar). Ikkje det at kunstnaren treng vera synleg som sådan, men her er berre eit samansurium av kva kritikk kan vera og korleis den kan oppfattast. Er det eit forsvinningsnummer som skal visa kritikken sin eventuelle dominans over kunsten? Ser eg ikkje kunsten for berre kritikk? Forvekslar eg utstillinga med dei tolv kritikarane sine uttalingar (sjølv om eg berre høyrde på ein brøkdel)? Om det er utlevering av kritikarar ho drøymte om med videoane, så kan ho berre gløyma det. Dei har jo vore i offentleg lys før. For min eigen del les og høyrer eg meir kritikk enn eg ser kunst, av praktiske grunnar. Ideane kring verka er for meg sånn sett viktigare enn sjølve verka.
Men så er det også presentasjonsmåten. Den spelar inn både når ein skal ta inn kritikk, men også når ein skal ta inn kunst. Til dømes er «Pasjon og polemikk» fint og sobert montert. Det er honnørord i forhold til fylgjande, nemleg ein setning eg festa meg ved som vart sagt av Marit Paasche, ein av deltakarane, – at kritikk meirsom skal vera meir og meir underhaldande i dei seinare år, at det er noko ho har lagt merke til. Det er ein tendens eg assosierer ikkje berre med Tommy Olsson, for ein kan likegodt trekkja inn andre medium enn skrift. Tenk flirande Safari-jenter, kule Store Studio og Boktilsynet/Kulturnytt jingles. Norge har ikkje eit reint, altså eit enkelt – forstå meg rett – og spesifikt kritikkprogram. Heldigvis har me Erling Sandmo, musikkkritikar i «På sporet» på P2. Han er min kritikarfavoritt og kunne for min del vore eineveldig. Kvifor? Han er underhaldande på ein god måte, intelligent, seriøs, morsom, dedikert, engasjerande, emosjonell, sjølvstendig, original, artikulert og har praktisk og teoretisk kunnskap – rett og slett eit godt blikk og ei skarp tunge.
Kunst og kritikk, polemikk og opportunisme i bloggspyets tidsalder…
Det første som slo meg med Bervens utstilling Pasjon og polemikk var stor visuell kompetanse og estetisk stilsikkerhet, koblet til spørsmål om kritikkens rolle for demokratiets selvforståelse.
Jeg leste derfor Vinjes kritikk av Bervens utstilling med stigende undring. Den bestod hovedsakelig av et knippe sleivspark med sadistiske under- og overtoner. I Bervens installasjon kastes det frem og spille med spørsmål som; hva er kriteriene for god kritikk og hvem setter disse? Bidrar kunsten til den kritiske offentlighet? Har kritikere et ansvar for konstruktiv kritikk? Hvilke forhold eksisterer der mellom kjønn og kritikk? Temaer ble kokett avfeid av Vinje som uinteressante, etc.
Etter hvert som jeg leste fremstod Vinje mer og mer som en slags kulturkritikkens svar på den sjokkblonde missekonkurransepraten om hvor dumt det er med krig og fred og sult og sånn. I Vinjes innpakning; hva skal vi med kunstnerisk formulerte perspektiver på demokrati og kritikk og kjønnskamp og sånt.
Det er vanskelig å ta Vinjes anmeldelse alvorlig i sjangeren kompetent håndverk, men den er interessant som kulturelt fenomen. Nettet er et nokså nytt forum for debatt og kritikk og diskusjonen om hvilke etiske standarder som skal møtes begynner å få volum og substans.
På sitt beste er nettet en informasjonsspreder, folkeopplyser, demokratisk pådriver etc., på det verste et forum for asosial egoisme, for sjikane, hat og mobbing. Forfatteren Lee Siegel hevder at hatet mot autoritetsfiguren er en sentral drivkraft på nettet. Det ser vi blant annet ut fra det store volum hverdagssadisme bloggerne serverer folket.
Det virker som om Vinje i språk, mentalitet og innsiktsnivå er inspirert av bloggspytrenden. Hun er ambisiøs og ute etter å profilere seg selv. I medievirkeligheten kjemper folk om oppmerksomheten i noe som ligner et darwinistisk bikkjeslagsmål. Det er ikke uvanlig at kritikere i større grad bruker kritikken til å bygge image og karriere enn til å formidle innsikter i kunstverket.
Vinje vil gjerne fremstå som en skarp pitbullkritiker, som spidder offeret på treffende kommentarer og rammende observasjoner? Det befriende med pitbullkritikerne er at de er både overraskende og morsomme der andre nøler og viser mot der andre tenker på karrieren.
Vinje faller dessverre igjennom, ikke fordi hun ikke er aggressiv og pågående nok, men fordi smålighet og ikke innsikt er den dominerende substans i hverdagssadismen hennes. Tilbake har vi noe som ligner en digitalt forvirret kritiker som viser oss de tristeste sidene ved nettkulturen; i dette tilfellet en lettvintgjøring og infantilisering av kritikken.
Og i den forstand må en jo si at Berven også her har lykkes med prosjektet sitt. Vinje tråkker i kritikksalaten. Hun aktualiserer Bervens spørsmål som hva kriteriene for god kritikk er. Hvilken status har kritikken som destruktiv kulturytring? Og gjennom det noe forvirrede tilsvaret på kritikken Vinje har fått på nettet aktualiserer hun spørsmålet om hva kritikerne selv synes om kritikk når de får kritikk. I den kontekst viser Bervens installasjon at kunsten kan bidra til den kritiske offentlighet. I denne sammenheng har den fått i tale en representant for en kultur nettpessimistene hevder består av misunnelse og ondskap satt i system. Uansett syn på det. Bervens installasjon har satt i spill og aktualisert en debatt om ytringsfrihet, demokrati, sensur og regulering knyttet til nettkulturen, som vi åpenbart trenger å ta igjen og igjen i tiden som kommer.
Helst ville eg ha brukt tida mi på anna enn konstruert skinnueinigheit og svadapolemikk, men etter tre oppmodingar frå redaktøren, er det visst på sin plass med eit svar, som vert nokolunde kronologisk i forhold til kommentarane og elles nokså ”litteraturvitskapleg” på grunn av feillesingar av meg og på grunn av formuleringane i kommentarane.
Pluss i margen til deg Olsson for humor. Er du demonstrativt standhaftig no? Finst den perfekte kontekst? Sjølv om debatten om Olsson-/Lund skulen gjekk som verst i fjor, betyr ikkje at den er forelda. Den drog eg inn ettersom eg snakkar generelt om kritikk då utstillinga legg føringar for det, for ikkje å seia legg opp til det. Eg har ikkje sagt at Berven konfronterte din kritikk, men eg trudde teiknsetjing, verbtider og liknande var talande nok til å visa at eg henviste til den nemna debatten. Dog burde leddsetninga ”mellom anna på kunstkritikk.no” ha vore flytta til slutten av setningen som no sluttar med ”innvendingane mot hans kritikk-mal”.
At kunstnaren skal vera kritikar forventar eg ikkje. Den innleiande setningen i det nestsiste avsnittet i meldinga mi seier ikkje at eg etterlyser ein rein kritikar i kunstnaren. Å ikkje konkludera er sunt, å ta stilling er og sunt, uansett kva ein er. Diffus og ambivalent kunst appellerer, til forskjell frå 1-1 kunst. Er Sætre sikker på at eg etterspør ei klarare og tydelegare stemma? Ingenstad etterlyser eg dette direkte, men eg seier nei takk til illustrasjonar (jf. overflatisk varme-/kuldeelement td.) fordi det er inga stemme i det heile tatt (ingen parallell til bokillustrasjonar). I det siste avsnittet i ”Mikrofonstativ og overflatebehandling” gir eg ikkje honnør til sober kunst. (For øvrig er ingressen ført i pennen av redaktøren.) Angåande regi (totaltilnærming) så er det noko eg greip litt fatt i sidan Berven og galleriet eksplisitt nemna sånt i deira førehandsomtale. Ditt mellomste avsnitt, Sætre, er ein tanke sjølvmotseiande, og, viss ein skal velja den verste undertonen, illevarslande. Og eg vart ikkje provosert, om du antyder det.
”Det er selvsagt vanskelig å være kunstner..” Litt sånn ”det er hardt å vera mann”, Berven? Vel, det var berre min ”Knut Nærum King Kong”. ”..et par forhold som bør kommenteres”, skriv du, og ”det ene” skal eg straks kommentera, men eg finn ikkje noko ”andre”. Etterlysning av enkelheit og skarp vinkling skal ikke stå for mi rekning. (Eg ba nettopp om at ordet ”enkelt” ikkje måtte verta misforstått, og brukte det i samanheng med kritikkprogram.) Det er tolkingsbom av deg at du meiner eg vil du skal gå i polemikk med dine intervjuobjekt. For øvrig er formatet eg har å rutta med som det er, frå før.
Gjennomgåande ord for deg er ”negativ” og ”positiv”, også i den aktuelle kunsten. Det var vel i dei projiserte tekstane (eller i pressemeldinga/Berven/galleriet sine førehandsord “ hugsar ikkje, og har kasta mine notat) at du spurte om negativ kritikk vart tatt meir alvorleg enn positiv, eller liknande. Å spørja om sånt er teit og på studentavis nivå. ((Dette nivået her er eg heller ikkje stolt av, men, men. ”Ettersom dette forumet er slik utformet som det er”…)) Med andre ord – sånn oppdeling er me ikkje tent med. Det er nett som med oppdelingar av naturen i rettferdig eller urettferdig “ den er verken det eine eller det andre. Lesaren må her gjerne jamføra med fylgjande uttaling frå kunstnaren, fortsatt frå andre avsnitt: ”Jeg mener å oppfatte Vinjes overskrift med henspeiling på mikrofonstativ som en negativ (mine uthevingar) ytring uten relevans til kunstverket.” Der det kan verka som eg er inne på ømme punkt, vert det avvist med ord og uttrykk som ”negativ” og ”kan jeg ikke forholde meg til” (sistnemna i sjuande avsnitt). Hennar omgang med antonyma er forsert. Sjølv bruker eg ordet ”negativ” (sjette avsnitt) i forbinding med hennar eventuelle syn på emosjon, for å gi gjenlyd av Berven si drøvtygging. Det skal ikkje lesast som at eg treng enten positive eller negative standpunkt.
Viss du i ditt andre avsnitt antyder at eg etterlyser deg negativt konfronterande, konfronterande i det heile tatt, i forhold til intervjuobjekta dine, så overfortolkar du meg. Overfortolking kan føra til a) eit rikt liv, eller b) uærlegheit. Kva er forresten forskjellen på ”de enkelte kritikeres virksomhet” og ”- uttalte forhold til noen aspekt innen kritikkfeltet”?
At eg ikkje ser det kunstneriske grepet at alle intervjuobjekta snakkar samtidig, vil eg ikkje ha på meg. Som sagt nytta eg meg av mulegheita til å regulera, og i eit av to tilfeller lot eg kafejenta velja person (denne kunsten sin eine disippel vart så mi kaffibord lydbok).
Så til ditt neste avsnitt. At di ytring ligg i totaliteten utelukkar ikkje at du ytrar noko i delane. Eg var innom dei fleste verkdelane etter forslag frå redaktøren, men det er ikkje sånn at eg ikkje har kommentert heilheita. Ein bør jo gjerne presentere/beskrive delane, om ikkje fullt ut, for å seia noko overordna. Sjølvsagt er her fleire anslag, men eg kan ikkje stappa inn alt, (men har her i svaret tatt inn litt meir). Meldinga var delvis eit forsøk på ein noko annleis kritikk, som angav responsen/responsmulegheiter mellom linjene. Elles, det sjølvbiografiske skreiv eg at eg kunne få for mykje av i samanheng med kritikarar, men du kan trekkja linja til deg sjølv.
I påfylgjande avsnitt påstår du at eg ikkje har sett det eine arbeidet, dei to små videoane. Med mindre det var plassert på loftet, så har eg sett og omtala det. Kun animasjonsdelen utelot eg av dei seks delane, og alt kan ein uansett ikkje gå grundig inn på. Men du meiner kanskje ”sett”? ”Sett” det du har sett? Det er i orden for min del å lesa noko emosjonelt og personleg inn i denne delen din. Delane burde du kanskje ha namngitt i kommentaren for å unngå å så tvil om meg. Vidare, gløde- og kuldeelement arbeidet er banalt. Kanskje fortener det ikkje det basiske ordet ”banalt” heller. Verda er ikkje svart kvit. Det er ikkje alt ein enten kan vera for eller imot, jamfør mine ord om nyansar i meldinga.
For Berven omhandlar do-delen sårbarheit for den som vil ytra seg kritisk og derfor anonymiserer seg. Det er hennar versjon og ho kan difor ikkje framhalda at eg tolka dette banalt då eg ikkje har tolka den versjonen i det heile tatt. Dog ser eg det elementet, og viss dette hadde vore ein politisk kommentar eller ein kommentar til journalistikk til dømes, så ville ein ha snakka om anonyme kjelder og kjeldevern. For min del greip eg fatt i dei stemmelause, folk ingen tar notis av, folk som kanskje ikkje tillegg si eiga meining særleg verdi heller. Det er jo selektivt kva og kven som vert tillagt pregnans i samfunnet, så rotete do skribleri kan vera ein pari-ventil. I forhold til kunst kan ein i tillegg til det eg nemna i meldinga dra inn det at ein i kunsthistorien kan snakka om historisk resepsjon for å nemna noko. Den kan gå nærmast i arv og den kan endra seg. Resepsjonen av Hertervig sine papirarbeid er ikkje det den ein gong var, det er berettiga å sjå det som kunst no. Mine ord om betaling av kritikarar vart tatt med i og med det eg siterer frå doveggen. Sistnemna vert som resepsjon ein del av kunstverket og det er ein av fleire plassar eg inkluderer andre sin resepsjon i meldinga.
”Monumentalt” er ei rørande beskriving av skrivar-delen av utstillinga. Du set ironisk skrivaren/kritikaren på ein pidestall, men ut frå din pedantiske kommentar, som eg svarer minutiøst på, kunne ein alt i alt tru du ville vore på den sjølv, men det trur eg ikkje. Ingen bør vera på den, ingen er på den.
”Hennes refleksjoner omkring hva jeg ønsker meg av velvilje er uinteressant. Jeg sitter selvsagt ikke og venter på betrakterens velvilje.” Eg skreiv/skriv ikkje spesifikt for deg. Dette er for øvrig luksuriøs særbehandling av ein kunstnar, sjølv om svaret omtrent berre består av tilbakevisingar og presiseringar.
”Det er heller ikke relevent for utstillingen hvilket forhold Lilly..” er ein sensurerande setning. Du innsnevrar utstillinga og ein kritikar sitt felt (jf. også Hansen). Sandmo var eit relevant døme når eg brukte di utstilling om kritikk/mi melding til å seia noko om kritikk og kritikarar.
Så til mitt avsnitt som tek til ved fotoet av Arntzen. Dei fire fyrste setningane må lesast i samanheng med kvarandre. Eg etterspør der ikkje polemikk frå kunstnaren, sjølv om det ikkje ville ha vore eit brotsverk frå kunstnarhald. Om ikkje kunstnaren lever opp til utstillingstittelen, så får heller betraktarar sin resepsjon gjera det. Du Berven kan jo ha lagt til rette for det.
Hansen har det einaste innovative innspelet av kommentarane. Ho tok ting ein steg vidare, og sjølv vil eg nødig verta oppfatta som skyttargravar. Innspelet går på å inkludera mottaket i denne spesielle kunsten.
Lilly Vinje
Replikkvekslingen er ganske interessant hvis en er villig til å se kunstverket ikke kun som ”kunstutstillingen som sådan” slik Ingrid Berven ønsker, men både kunstutstillingen og resepsjonen som det egentlige kunstverket. Det er etter min mening det virkelige relevante her, siden kritikeren er subjektet/objektet i hennes utstilling (som jeg dessverre ikke har sett siden jeg oppholder meg i Chicago). Berven vil ikke legge føringer på betrakteren, hun vil ikke være tydelig, men likevel ” det er (…)ikke relevant for utstillingen hvilket forhold Lilly Vinje selv har til økonomi, Erling Sandmo og Tommy Olsson”, får vi vite.
Berven har ikke fått den kritikeren hun ønsket til sin utstilling, og det er selvsagt helt legitimt.
Men jeg synes om både kritikere som Tommy Olsson og Lilly Vinje. Tommy Olsson er etter mitt syn, og dette har selvsagt blitt sagt mange ganger, en av de viktigste kritikerne i Norge. Ja vel han forteller om drosjeturer, men han nærmer seg også utstillinger med en sjelden åpenhet og integritet.
Samtidig liker jeg Lilly Vinjes tåkeprat og sleivspark (hvem har sagt at kritikk må være krystallklar og argumentativ?) Og ikke minst har jeg sansen for at hun kan gjøre noe så politisk ukorrekt som å hylle Erling Sandmo på disse sidene.
Og til slutt vil jeg berømme Ingrid Berven for å være en kunstner som kan snakke reflektert om kunsten sin. Denne lenken gjør meg egentlig ganske optimistisk.
Ingrid Berven kommenterer 10. februar 2008:
Ettersom dette forumet er slik utformet som det er, vil jeg benytte den muligheten jeg har til å svare på Lilly Vinjes kritikk.
Det er selvsagt vanskelig å være kunstner og begi seg inn på å svare en kritiker, men det er et par forhold som bør kommenteres. Det ene er at kritikerens forventning om enkelhet, skarp vinkling og tydelighet må stå for hennes egen regning. At jeg skulle ha til hensikt å gå inn i aktiv polemikk med mine intervjuobjekt er skivebom. Makt fungerer mye mer subtilt enn som så. Hovedproblemet i forhold til maktutfoldelse innenfor kunstfeltet, er at tabloidisering og overfladiskhet dominerer fellesrommet. Noe anmelderen selv illustrerer godt i sin anmeldelse.
Det er heller ikke min intensjon å være negativt kritisk til kritikere eller til kritikk som fenomen. Snarere har jeg et grunnleggende positivt forhold til seriøs kritikk og respekt for kritisk virksomhet.
De 12 intervjuobjektene forholder seg til tema gjennom overlegning og analyse. At jeg i forhold til intervjuobjektene har valgt en presentasjonsform som ikke er negativt konfronterende, er selvsagt et valg som jeg har gjort begrunnet. Det er ikke de enkelte kritikeres virksomhet som har vært mitt fokus, men de enkelte kritikeres uttalte forhold til noen aspekt innen kritikkfeltet. Hvorvidt intervjuobjektene faktisk kommer til orde i utstillingen er det flere meninger om. Jeg mener å oppfatte Vinjes overskrift med henspeiling på mikrofonstativ som en negativ ytring uten relevans til kunstverket.
Det er forunderlig at Lilly Vinje ikke oppfatter det som et bevisst kunstnerisk grep fra min side at jeg lar alle disse 12 fornuftige menneskene ”snakke i munnen på hverandre”. Et minimum utgangspunkt for en kritikk må være at man ikke oppfatter kunstneren som uopplyst og ubevisst. At det er mulig å tilegne seg ytringene med en viss anstrengelse, er også et aktivt grep. Hva man evner å få ut av dette er betrakterens eget ansvar.
Mitt kritiske prosjekt ligger i totalpresentasjonen, noe som Vinje åpenbart ikke har evnet å sette seg inn i. Det er kunstutstillingen som sådan som er ytringen fra min side. Det er mangfoldige anslag for den som vil ta dette inn.
De som kjenner mine tidligere prosjekt og utstillinger vet at min ytring ofte består i at flere arbeid settes opp mot hverandre for å gi dynamikk til refleksjon. Det er ikke tydelighet som er mitt poeng. For meg er det viktig å få fram en dynamikk i spennet mellom ulike ytringer. Der er jeg som person eller kunstner helt uinteressant. Når dette er sagt, er hvert enkelt arbeid mine ytringer, og de kan betraktes selvstendig. Den biografisk orienterte observatør må selvsagt håpe på å gjenfinne meg i disse arbeidene, med det er altså ikke mitt prosjekt.
Utstillingen består av 6 ulike element: De angitte 12 intervjuobjektene. Videre 2 små videoer der det emosjonelle og mer personlige ved kritikkfenomenet blir berørt. Dette arbeidet har åpenbart ikke Vinje sett. Det tredje arbeidet som innebærer kritiske ytringer på do, omhandler sårbarhet også for den som ønsker å ytre seg kritisk, og derfor beskytter seg bak anonymitet. Her velger kritikeren å tolke dette banalt. Hun reflekterer rundt dette på en så rotete måte at jeg simpelthen ikke forstår noe av det hun sier.
I tillegg består utstillingen også av 2 videoanimasjoner på TV skjerm. Samt et mer monumentalt arbeid sentralt i rommet med komplette papirutskrifter av hele dette nettstedets ytringer Det siste arbeidet består av 2 skulpturer henholdsvis en pekende hånd i glødeelement og kuldeelement. Dette banaliseres av kritikeren og hennes selvrefleksjonsnivå kan jeg ikke forholde meg til. Hennes refleksjoner omkring hva jeg ønsker av velvilje er uinteressant. Jeg sitter selvsagt ikke og venter på betrakterens velvilje. Jeg vet at noen evner å nyttiggjøre seg kunstneriske signal og andre gjør det ikke. De som evner vil åpenbart hente mer ut av dette enn Lilly Vinje har klart.
Det er heller ikke relevant for utstillingen hvilket forhold Lilly Vinje selv har til økonomi, Erling Sandmo og Tommy Olsson.
Utstillingen står til 24. februar. Intervjuene vil bli tilgjengelige i tekstform og forhåpentlig også som podcast når min hjemmeside blir revidert.
Gitte Sætre kommenterer den 9.februar:
Vinjes kritikk forteller om en kritikers forventning om at kunstneren skal være kritiker, hun etterspør en klarere og tydeligere stemme. Grepene til Berven svarer ikke til forventningene hennes. Når kunstneren velger å være verken synlig eller konkluderende kan det være ett sunnhetstegn, særlig i dette tilfelle hvor temaet er definisjonsmakt, enkelt mennesket, institusjonalisering mm. Hadde Berven gjort det som Vinje etterlyser hadde hun da ikke gjort det samme som det hun stiller seg undrende til, hadde hun da ikke gått i sin egen felle?
Hennes regi vitner om en tankerekke som jeg finner sympatisk , at noen finner det provoserende sier litt om hvor mange forventninger det finnes der ute.
Det er kanskje som Berven hentyder, på tide å ta makten tilbake?
Pasjon og polemikk av Ingrid Berven gir oss muligheten til å tenke, i hvilken grad vi lykkes med interessante diskusjoner her på kunstkritikk.no er jeg ikke helt sikker på. Kanskje Hordaland kunstsenter inviterer til debatt på stedet?
Med risk for å bli degradert ned til civilforsvar må jeg likefullt spørre – siden jeg ikke helt skjønner dette – hvor har jeg vært barnslig her? Jeg kan ikke huske at Berven direkte kom med noen innvendinger – legitime eller ikke – mot min “kritikk-mal” (jeg har da ingen mal, ikke egentlig). Har dette ikke egentlig mere med debatten om Jørgen Lund-skolen det refereres til rett etter? Og da må jo spørsmålet bli; hva har det med denne saken å gjøre? Barnslig er jo for øvrig, som jeg allerede tidligere nevnt, ett ord som nesten utelukkende blir brukt av kvinner for å beskrive en man som agerer selvstendig – så det er helt greit. Det er helt fint å misslike det jeg gjør og – det ville vært skummelt hvis alle likte det – men denne slurvete ufullstendige kommentaren virker ikke høre hjemme i denne konteksten og fremstår utelukkende som ondskapsfull. Jeg mener, Ingrid Berven har ett prosjekt der 12 kritikere blir intervjuet – er det da interessant å få vite at Vinje missliker den ene kriktikern på grunnlag av en debatt fra året før? Jeg tror taxituren min har mer relevans, altså.