Eit knusktørt drikkegilde

Kontrasten mellom foredragshaldaranes sterke formidlingskraft og leikne tankegang, og den sjaskete intellektuelle fabuleringa i paneldebattane var skarp på symposiet til Bergen Assembly.

Panelet som diskuterte «Artistic Research». Fra venstre Inti GuerreroStephan Dillemuth, Cecilia Gelin, David Riff, Ekaterina Degot og Anne Szefer Karlsen.
Panelet som diskuterte «Artistic Research». Fra venstre Inti Guerrero, Stephan Dillemuth, Cecilia Gelin, David Riff, Ekaterina Degot og Anne Szefer Karlsen.

Assembly-kuratorane David Riff og Ekaterina Degot, samt mange av deltakarene hadde truleg tatt seg ein tår på ein av dei to festane forut for symposiet på Sardinen USF, men sjølve seansen var ei tørr affære. Symposiet, slik det gjekk føre seg i det antikke Hellas, var sentrert rundt underhalding (gjerne framført av slavar og prostituerte) og drikking av vin. Det var når tunga var tilstrekkeleg smurt med vin som glidemiddel, at mange av dei mest djupsindige innsiktene vart unnfanga.

Sjølv om meininga bak desse drikkegilda var å smør synapsane høveleg slarkete, å lausne på mentale lenker slik at tunga kunne bable fritt, hendte det nok at Dionysos sitt vinreglement – eit kratér for helsa, nummer to for kjærleik og behag, eit tredje for svevnen – ikkje vart følgt til punkt og prikke, slik ein kan lese om i Platons Symposium, då festen mot slutten blir krasja, drikketempoet auka og alle – utanom Sokrates og den komiske poeten Aristophanes – blir drukke under bordet. Mangelen på sosiale smørmiddel på Bergen Assembly-symposiet sikra kan hende tydeleg artikulasjon, men innhaldet heldt for det meste fram med å vere knusktørt, vagt og stivt.

Dersom ein ved eit antikt gresk symposium skulle vere så uheldig å få i seg litt for mykje vin, hendte det gjerne at ein gjennomførte ein dose komazein, det vil seie å rave rundt, i ein gjeng, fulle og kåte. Eg gjekk i stadet heim for å gråte – kvifor hadde eg tatt på meg oppgåva med å skrive denne teksten slik at eg måtte drøvtyggje så mykje knusktørr materie? Vel vel, ein jobb er ein jobb, tenkte eg, og no skal dykk høyre korleis det heile gikk føre seg:

Velartikulert innhaldsløyse

Det heile starta på laurdagen, med ein paneldebatt rundt temaet «kunstnarisk forsking» under tittelen Artistic Research in Embattled Institutions. Stephan Dillemuth ytra nokre høveleg fengjande gloser om overføringsverdien i forskingsomgrepet frå universitet til akademia. Ellers tok brorparten av denne delen form av eit noko forvirra potpurri av innlegg – innlegg som heller gav innsikt i enkeltinstitusjonar sin aktivitet enn å opne opp for nytenking rundt kunstnarisk forsking og «kunstnarforskaren». Desse ganske nørdete ideane, som ikkje har mykje til felles med vitskapeleg forsking (takk og pris, for då ville kunstfeltet vore ein keisam stad), utgjer til sjuande og sist definisjonsspørsmål, blotta for innverknad på eller relevans for faktiske kunstnariske prosessar. Dessverre utgjer undersøkinga av omgrepet kunstnarisk forsking fundamentet i denne førsteutgåva av Bergen Assembly – eit fokus som titt kunne kjennast som eit botnlaust hol prega av manglande klargjering av kva som eigentleg leggjast i kunstnarisk forsking og korleis dette slektar på og/eller skil seg frå vitskapeleg forsking.

Jan Verwoert. Foto: Nils Klinger.
Jan Verwoert. Foto: Nils Klinger.

Medan vi stira inn i den mørke avgrunnen, fylt av manglande intellektuell stimuli, steig eit ljospunkt opp bak talarstolen: Jan Verwoert tillet seg ein dose slark i synapsane, og det er nett den slarken som utgjer ein stor del av det unike potensialet i kunst. Ofte kan ein, i romma mellom hans laust samanhengande anekdotar og bilete, inst i den interessante ambivalensen, skimte eit potent potensial for nyskaping. På sitt sedvanlege usedvanlege vis framførte han eit show som likna eit kunstverk i seg sjølv: Ein kollasj av filosofi, sjølvproklamerte dumme vitsar («dumme» tyder her fulle av visdom) og offbeat nyheitsstoff som saman forma eit kritisk argument mot den løyndoms- og gåtefulle institusjonen, og for det pre-institusjonaliserte mysteriet og miraklet, ofte underbyggja med video av dyr og andre sjåverdigheiter.

Vag politisk konferanse

Deretter følgde symposiet sin definitive downer. I den såkalla paneldebatten (det var generelt lite debatt att i desse panela) How Much Socialism?, kalla opp etter kuratorteamet What, How and for Whom si utstilling How Much Fascism?, var det berre Nataša Ilić frå nemnde kuratorteam som meistra å hindre at samtalen ikkje sveva så høgt at han sprakk som følgje av utvidinga av sitt eige oppblåste indre, lik ein overfylt heliumsballong på rømmen. Will Bradley frå Kunsthall Oslo og Ane Hjort Guttu, ein av utstillarane, framstod som vanvittig einige i sine tesar om at velferdstaten var dauden nær og at det var på tide å sørgje over det framtidige falne sosialdemokratiet. Guttu antyda óg noko humoristisk at føresetnadene for kunstproduksjon og livet ellers ikkje kan bli betre enn slik det i dag er i Noreg, og at det dermed er nærast umogeleg å vere visjonær. Både hennar og Bradleys politisk ladde utsegn fekk passere uimotsagt.

Panel under seansen «How much Socialism?». Fra venstre Nataša Ilić, Ane Hjort Guttu og David Riff. Foto: Nils Klinger.
Panel under seansen «How much Socialism?». Fra venstre Nataša Ilić, Ane Hjort Guttu, David Riff, Ekaterina Degot og Will Bradley. Foto: Nils Klinger.

Sjølvsagt er ein i sin fulle rett til å seie kva ein ønsker, men debatten kunne nytt godt av ein dissident, ein alternativ representant for det norske kunstfeltet: Her fann ingen det naudsynt å tenkje over kva for retningsliner det offentlege støtteapparatet legg for kunstproduksjon, ingen fann det verdt å fundere over den delen av kunstfeltet som ikkje fell inn under støtteordningane sin varme venge, og over kva som skjer med kunstproduksjonen i eit samfunn der mengda offentleg støtte ein mottek er eit av hovudmåla for fagleg suksess. Ingen såg heller ut til å sjå det potensielt paradoksale i at fleire av deltakarane mana fram dommedagen som ville kome med ein mogeleg borgarleg valsiger, samstundes som at triennalen har blitt bore fram av tidlegare Høyrebyråd Henning Warloe.

«We are searching for ze question, but ze only zing we know is zat we have still not found it»

Riff opna dag to, sundagen, med å be om orsaking for ei forseinking, bakt inn i nokre halvt spøkefulle utsegn om at det å lage ei ambisiøs utstilling og samstundes setje saman eit symposium burde kritiserast. Hermed kritiserer eg dette. Ein kunne i Riff sine utsegn ane at seminaret var noko dei hadde blitt pålagt å gjere, men kor som er fungerte forma dårleg i samband med opningshelga, både fordi kuratorane (eller conveners, som triennalen føretrekk å kalle dei) neppe hadde landa etter innspurten, og fordi publikum ikkje hadde fått tid til å sjå utstillinga og fordøye inntrykka. Dersom formularet skal gjentakast ved neste Bergen Assembly, burde nok debattar og foredrag smørast tynnare utover ein lenger periode.

Publikum under Bergen Assemblys symposium. Foto: Nils Klinger.
Publikum under Bergen Assemblys symposium. Foto: Nils Klinger.

I det påfølgjande panelet, kalla Dialectical Materialism Today?, lærte vi at 99% av alt av det som vart omtala som austleg marxisme utgjer den totale idioti, og at det i dette berget av drit (debattanten sitt eige ord) finst 1% diamantar. Det framstod som uklart for meg om desse diamantane har blitt funne, eller om dei stadig blir leita etter, men det er mogeleg dette var klart som blekk på høgljose dagen for dei som nærde spesiell interesse for emnet. Det såg ut til å eksistere ei overtyding (eller ønsketenking) i panelet, og spesielt hos kuratorane, om at tilhøyrarane var ein homogen masse som delte dei eksakt same politiske og filosofiske interessene. «Irrelevant abstrakt noodling», kommenterte ein publikummar. Han hadde eit poeng.

Hei, interessene dine er irrelevante!

Den mest opne og samtale-liknande delen av symposiet fann stad under fanen Research and Destroy. The Fine Art of Gentrification – ein fane slapt sydd saman ved å klaske titlane til to (truleg) fascinerande essays saman. Her blei det mana fram mange flotte språklege bilete, slik som då Ben Seymour, ein av utstillarane, fortalte korleis han og hans kolleger, då dei laga film om gentrifisering, skjøna at dei sjølv ved å lage filmen, var ein del av prosessen, og slik kjende seg som Ødipus som stakk ut sine eigne auge då han fann ut at han var skyld i eiga ulukke. Seymour og kollegene hans stakk derimot ikkje ut sine eigne auge, og er det eigentleg noko å sippe over at kunstnariske tiltak og øvrig «artistic research» kan ende opp som del i ein gentrifiseringsprosess? Kva skal ein uansett gjere med det? Slutte å lage kunst utanfor dei etablerte institusjonane? Ein interessant vending hendte då det oppstod hissig diskusjon om korvidt gentrifisering førekom før 60-talet, då omgrepet vart skapt. Sjølvsagt gjorde det det, og nettopp dette var kan hende symptomatisk for symposiet – ein røyndomsfjern hang til omgrepet i seg sjølve.

Kva for relevans ein diskusjon om kunstfeltet si rolle i gentrifiseringsprosessar har i samband med Bergen Assembly forblir eit mysterium. Kan hende er det nettopp av frykt for å bidra til vondsinna gentrifisering at triennalen har valt å ikkje okkupere andre lokale enn dei allereie etablerte visningsromma? Rett skal vere rett, David Riff innleia panelet ved å proklamere at han kjende at hans utgangspunkt stod på gyngande grunn, og nettopp dette skal han ha ros for. Det er ikkje alle i denne kunstverda som ville turt å innrømme at ein kjenner fotfestet gleppe.

Formidlande omstende

Polyhistoren Renata Salecl bydde på eit kritisk og ironisk skråblikk på den tilnærma religiøse trua på vitskapen, servert som ein assemblasj av referansar frå kunst, populærvitskap og massekultur med utgangspunkt i Simpsons-episoden der Lisa Simpson, fordi ho produserer ein dyster (og realistisk) modell av Springfield i framtida, får utskrive resept på det antidepressive legemiddelet ignorital, slik at ho kan oversjå dei harde realitetane. Salecl si formidlingsevne var framifrå, og relevansen i det ho sa, i motsetnad til mykje av det andre som blei sagt desse to dagane, var til å ta og føle på.

Nataša Ilić under «How much Socialism?». Foto: Nils Klinger.
Nataša Ilić under «How much Socialism?». Foto: Nils Klinger.

Eg har enno ikkje fått grep om nøyaktig kva Oxana Timofeeva freista å seie om kommunisme og dyr i si forelesning, som avslutta symposiet, men eg sette likevel pris på den mengda anekdotar ho serverte om menneskeheita sine planetariske sambuarar. Her fekk vi høyre om Kant si rangering av alle borgarane i dyreriket, Kafka sin hund og Strugatskij sin katt. Ho tala om ein nasjon av sanne lovlause – dyra som kryp under porten til Terra Utopia sjølv om det står skrive «ingen åtgang for dyr». Denne respektløysa dyr viser i møte med lovar, regler og konvensjonar har eg opplevd sjølv på øya Petit Terre i Karibia, der ein heil iguanfamilie kraup under ein port der det på fransk stod skrive «åtgang forbode», for så å spankulere inn i buskaset og knaske i veg på (for mennesket) giftige eple. Eg tenkte meir på dei som anarkistar enn kommunistar, eigentleg, men heldigvis kan ein sjå foredraget på nytt på nett for å få betre grep om omgrepa. Eg foreslår at lesaren kikkar på Verwoert, Salecl og Timorfeeva sine foredrag, resten kan fort vise seg å bli tidsspille.

Kva med kunsten?

Symposiet som heilskap fungerte dårleg. Gildet kunne kan hende vore redda dersom dei såkalla keynote-forelesningane (keynote-omgrepet stammar frå korverda, der ein gjerne set grunntonen i forkant av ein song, slik at koret startar i same toneart) hadde vore plassert og brukt med større omhug: Timofeeva si tale om kommunisme i dyreriket skulle eigentleg finne stad før marxist-delen Dialectical Materialism Today, og Salecl sitt fordrag om forskingsparadigmet kunne truleg sett premissane for ein djupare debatt om «artistic research». Verwoert si forelesning skulle tydelegvis fungere som grunntonegjevar for How Much Socialism?, men hjelpte lite sidan trådane han generøst slengte ut ikkje blei plukka opp av panelet.

Kontrasten mellom foredragshaldarane – spesielt Verwoert og Salecl, til dels Timofeeva – si sterke formidlingskraft og leikne og inspirerande tankegang, og den sjaskete intellektuelle fabuleringa i paneldebattane var skarp. Her har Bergen Assembly erfaringar å tenkje gjennom til neste triennale. Og kvifor var det så lite snakk om kunst?

Publikum under Bergen Assemblys symposium.
Publikum under Bergen Assemblys symposium. Foto: Nils Klinger.

 

Leserinnlegg