Barnevenleg spasmetease i galleriet

Kombinasjonen av Galleri Maria Veie sitt bevisste tilhøve til eiga plassering og kuratering, og Pedersen og co sin forkjærlighet for det improviserte og utforskande, blei på uventa vis til mykje meir enn ein cross-over-event mellom teater og galleriformatet.

Kombinasjonen av Galleri Maria Veie sitt bevisste tilhøve til eiga plassering og kuratering, og Pedersen og co sin forkjærlighet for det improviserte og utforskande, blei på uventa vis til mykje meir enn ein cross-over-event mellom teater og galleriformatet.


På hjørnet Friis gate / Urtegata, midt på Grønland i Oslo, men i eit roleg bu-kvartal, ligg Galleri Maria Veie, som opna i mars i år under følgjande hovudbeskrivelse: «Maria Veie is an exhibition space for young artists focusing on public art; installations, video, photography, drawings». Dei to type butikkvindua ut mot Urtegata gir og forbipasserande direkte innsyn i galleriets relativt små, men fine , white cube utstillingsrom slik mindre gategalleri helst skal, og med spørsmålet What do you want from me som lenge stod å lese på eit maleri som var del av opningsustillinga, med det lakoniske nothing, plassert på motveggen, var det som Galleri Maria Veie frå byrjinga rørte ved spørsmålet ved sitt eige eksistensgrunnlag, som eit spørsmål om relasjonen til oss der ute i gata, mellom galleriet og kunsten, og mellom kunsten og publikum. I dette tilfellet altså på eit gatehjørne, Grønland, Oslo, Norge, kor eg vil anslå ca 90% av næraste bebuarar å vere anten nordmenn med innvandrarbakgrunn eller innvandrarforeldre, evt. innvandrarar med midlertidig eller lengre eller ingen opphaldstillatelse utan at eg kan skilte med nøyaktige tal her. Galleriet ligg iallefall utvilsamt som einsam kunstgallerifugl midt i multikulturelle Norges statistiske tyngdepunkt (little Pakistan, India, Somalia, islam town), og som kvithuda nordmann- eller nordmannerinne føler ein seg gjerne meir som minoritet enn majoritet i høve til språk, butikkliv og dominerande kleskoder i gatene rundt Tøyengata, midt mellom Grønlandsstredet og botanisk hage. (Til mulig inspirasjon, framandfrykt, kulturfridom, irritasjon, undring eller ei form for ukomplisert aksept av getto-preget området har fått gjennom dei siste tiåra).

De unge hysteriske piger

Galleri Maria Veie. Foto: Sveinn Fannar Jóhannsson
De unge hysteriske piger i pubertetsalder, hvis sind er et slet og ret kaos af ubændige affekter, installasjon. Foto: Sveinn Fannar Jóhannsson

Det er altså gjennom desse vindua i Urtegata eg først får auge på ein kvinnefigur dressa opp i viktoriansk drakt med eit teatralt tilsnitt av galskap, og i vindauget ved sida av eit «snoreloft» beståande av «Hamptau, klesklyper, tre bomullsduker, ett heklet sengeteppe og tretten skitne bomulls-, ull- og nylontruser» som det står i salgsbeskrivelsen av denne delen av verket som har fått tittelen De unge hysteriske piger i pubertetsalder, hvis sind er et slet og ret kaos af ubændige affekter. Dette høgst grovkorna truseverket peiker med komisk effekt mot kvinna i den lilla taftkjolen som er ei av tre kvinnelege hysterikarar iscenesatt av koreograf Henriette Pedersen som del av hennar pågande prosjekt Animal Magnetism, kor del 1, nemleg ei førestilling i kryssingspunktet dans/teater basert på hysteriet som fenomen, har bevega seg frå premiere på Black Box Teater, Rodeløkka, i mars, sørover til Grønland/Tøyen og eit forfriskande eksperimentelt galleriformat, to passande sommarheite kveldar i juni.

Henriette Pedersen har lenge markert seg med ein særeigen signatur på førestillingar som gjerne kretsar rundt problematikken menneske/dyr, våre fysiske språkformer og ikkje minst eit element av ekspressiv teatralitet knytta til tema med trekk av det absurde og derigjennom noko subversivt kulturkommenterande i all sin boblande komikk. Formmessig har verka hennar basert seg på ein form for dans som kan bere dei same adjektiva, og som slik visker ut skiljet mellom dansen som fysisk disiplin og bevegelse og koreografi som grunnleggjande element og verktøy i teateret som forteljande, kroppsbasert, live medium, med hang til performancekunstens konseptualitet kryssa med relasjonelt drama (!). Med andre ord er Pedersens formspråk av ein karakter kor strenge displinmerkelappar blir overflødige, noko som får gjenklang i det opprørske motivet som siver gjennom arbeidet hennar i samrøret mellom form og tema.

Foto: Sveinn Fannar Jóhannsson
Foto: Sveinn Fannar Jóhannsson

Eg fekk ikkje sett Animal Magnetism 1 slik det utspela seg på Black Box Teater, men etter den korte intim-seansen i Galleri Maria Veie, er eg ikkje i tvil om at konseptet hadde mykje interessant å finne ved å forflytte seg. For kva kunne vel eigentleg kle ei oppvisning i improvisert hysteri betre enn vernissage-publikummets oftast avmålte distanse til det framviste, ikkje ulik den kliniske profesjonaliteten som tilsynelatande var ramme for Professor Jean-Martin Charcot som i si tid haldt opne demonstrasjonar kor dei verste tilfella av kvinneleg Hysteria blei satt til skode for eit mannleg publikum. Medisinsk vernissage? (Visstnok med både Ibsen og Strindberg til stades).

«Spasmetease?», tenkjer eg, og lurer som sikkert mange før meg på kor grensa gjekk mellom medisinsk forskning, pirrande freak-/sensualitetsshow, og ei form for humanisert heksejakt kor kontroll over seksualliv og generell definisjonsmakt meir eller mindre bevisst hjå den enkelte jo likevel stod naturleg høgt i kurs for dei opplyste menn, som valfarta til Salpâtriére Hospital i Frankrike for å ta det hysteriske kvinnelivet i skue. Perioden omkring århundreskiftet fra 1800-talet til 1900-talet reknast iallefall som «hysteriets gullalder», med nevrologen Charcot i spissen, óg som pionér på ein medisinsk metode som inkluderte meir okkulte fenomen som hypnose i si forskning og forsøk på kurering. Utbrot av hysteria (latin for livmor) var som namnet antyder knytta til kvinneleg fysiologi, og var antatt å kome som konsekvens av at livmora var på vandring i kroppen. Blant symptoma var krampeanfall, lystløgneri, sjukeleg tvil, alkoholisme, vrangførestillingar, aggresjon, sterk lunefullhet, osb. Behandlinga kunne variere frå timelange varmebad, via bayersk øl og tvangstrøye til stimulering av klitoris og vagina. Hmmm. (Artig variant av gynekologien, og demping av kvinnelege nevroser).

Hysteri til blygsel, hysteri og inkluderande moro

Foto: Sveinn Fannar Jóhannsson
Foto: Sveinn Fannar Jóhannsson

Underhaldande nok må det uansett seiast å vere å ta i augesyn dei tre hysterikarane i Animal Magnetism, som presenterer tre nærast teikneserieaktige variantar av hysterikarar, med dei disneyaktige navna Granada, Ronalda og Anestesia, (sistnemnde og med passande medisinsk vreng) i tillegg. Opningsarrangmentet er lagt slik at ein må snirkle seg gjennom trusekunstverket før ein kjem inn i sjølve visningsrommet, kor publikum har plassert seg nærast limt inntil veggane, som normalt, tause og alvorlege med unntak av tidvise smil, ansiktsrykningar og latter, og faktisk eit nærast hysterisk tilfelle blant publikum – ei ung kvinne som ler, ja, hysterisk, og utan skjemsel for oss andre, fleire gonger i løpet av seansen, især når Anestesia (innbiller eg meg det var) kom for nære og utøvde sitt hysteri blant anna gjennom intens lesning og ridning/gnikking på diverse litterære verk. Ho, altså publikummarinna, blir til ein ytterst snedig og interessant spegling av hysterifenomenet som hårfin balanse mellom fridom i høve til utøving av eigne kroppslege reaksjonar på spelet mellom sjølv og omgivnadar, og muligens ufrivillige utbrot framprovosert av det hysteriske som framtrer rundt henne.

Koreografien ber preg av ein improvisasjonsbasert dramaturgi kor dei tre aktørane som legemleggjer hysteriet (Marianne Skjeldal, Kristine Karåla Øren og Marianne Kjærsund) utstråler noko utagerande, men kontrollert, som om dei har teke sitt hysteri i fullt sjølveige og demonstrerer det som ein slags naturtilstand kledd opp i hemmande klesdrakter og henvist til å spegle seg i litterære livsbeskrivelsar og eit stivt observerande publikum. Galskapen framstår på si side både som transeaktig tilstand og som ein leik mellom dei tre, kor den sjuke ikkje blir framstilt som offer, men snarare som ein slags eksistensiell narr som vrenger ut av seg det som måtte kome av fysiske kommentarar i ein situasjon ellers prega av det språklause. Som førestilling har formgrepet for så vidt sine sårbarhetspunkt i at dei tre aktørane er overlatt til sine eigne improvisasjonsrekker, i eit rom kor publikum er svært nært innpå men ikkje inter-agerande som anna enn (nysjerrige/støta/ignorante/tolerante?) veggprydar. Det ligg eit drag av noko klamt, nærast pinlig i lufta medan dei desperate, sminka til det sjukelege og styggvakre, hysterikarane veksler mellom å lukke seg inn i sine eigne utbrot og å henvende seg til nokon av oss langs veggen eller vindusruta. Noko klamt og pinlig som får meg til å tenkje på kor lite det skal til før terskelen for normal eller «spiseleg» atferd i sosiale situasjonar, og til og med som her i ein kunstsituasjon, er i berøring med terskelen for vår individuelle uttrykksfridom, som gjerne begrensar seg nettopp til å la nokre andre utøve latente galskapsfaktorar for oss, medan ein sjølv trygt plassert innanfor eit meir eller mindre klassisk danningsideal, likevel kan kalle seg tabufri.

Foto: Maria Veie Sandvik
Foto: Maria Veie Sandvik

Men så skjer det (vid)underlege at det på andre sida av ruta kjem til eit anna publikum, barna frå Urtegata, som med like lite skjemsel som aktørane utfører sine spasmer, klistrer sine nasar til ruta for å ta galskapen i augesyn. Dei tre aktørane har allereide tidvis bevegd seg på begge sider av glasruta, og slik effektivt utvida speleplassen i tillegg til å snu på leiken med kven som ser på kven i høve til publikum der inne. Dei tre går og i ein form for dialog med barna utanfor, og snart er galskapen med (ikkje nødvendigvis pirrande) seksuelle undertonar i galleriet, blitt til ei underleg blanding av klovneprinsessesirkus og gateteater med hysteriets fysiske ablegøyekoreografi som underhaldande artisteri for alle, kor ikkje berre borna men mora og bestemora med skautet og kjem til og blir ståande utanfor ruta og betrakte hysteriprinsessene bryte med sine eigne spasmer, heller enn å dra borna bort.

Oss og dei andre-tematikken som ligg i hysteri- og diagnostiseringskulturen især i høve til ein kjønns-, kropps-, og seksualitetsproblematikk, blanda seg slik med nokre heilt andre samanstøt og dimensjonar av aktuell kulturhistorisk problematikk som ikkje berre handlar om fordums former for kvinnehysteri som kanskje ikkje er så fordums likevel, og kor denne utgåva av hysteriet uansett blei til ei oppvising i det frigjerande potensialet som ligg i å utøve galskap for opne (vind)auge, noko som akkurat der og då i Urtegata blir til ein aldri så liten revolusjon. For etter nokre halvnervøse minutt både innanfor og utanfor ruta, oppstår noko vanvittig vakkert i det gate og galleri møtes gjennom dei gale kvinnefigurane, borna, galleripuplikummet og mødrene med skaut, og blikka og vindusruta oppløyses i eit retningsmangfald kor rollene som tilskodar og aktør blir mjuka opp og får ein ny, positiv dimensjon av det absurde som noko inkluderande. Befriande og rørande var det og på alle måtar å sjå borna av vårt multikulturelle Norge løpe ubekymra inn og ut av kunstgalleriet mellom oss kvitvinsdrikkande – oss no sjølv boblande smilande i etterspelet av denne positive galskapsseansen.

Opning for meir

Kombinasjonen av Galleri Maria Veie sitt bevisste tilhøve til eiga plassering og kuratering, og Pedersen og co sin uredde forkjærlighet for det improviserte og normharselerande utforskande, blei på uventa vis til mykje meir enn ein liten cross-over-event mellom teater og galleriformatet, og beviste til fulle at mykje godt kan kome av å la diverse galskapsfenomen kome til offentleg skue – her altså med bevisst «risiko» for å inkludere publikumsgrupper som sjeldan trekker til OCA eller Nasjonalgalleriet for den del.

All grunn til å følgje Galleri Maria Veies vidare trekk altså, som forhåpentleg opner for meir galleriteater framover i sitt forfriskande beliggjande «kikkeskapsgalleri» som så langt har bydd på både billedkunstutstillingar, debatt-arrangement, og altså meir utagerande performative innslag. Pedersen for sin del, kan iallefall trygt satse vidare på intim-versjonar av sine påfølgjande kapittel i Animal Magnetism– trilogien, og ikkje minst samarbeidet med kostymemakar Ellinor Ström og komponist Lars Petter Hagen.

Ingressbilde: Fra vernissagen 24. juni 2009. Foto: Sveinn Fannar Jóhannsson.

Comments (2)