Laurent Chètouanes regi av Misantropen på Torshovteatret sett opp eit monotont – men ikkje humørlaust – spegelbilete av klassikar-komediens erketeatrale univers.
Wir spielen nicht, kunne dei sagt, skodespelarane som kjem på scena, med tomme, lett undrande, men sterke blikk og saktegåande rørsler, som gradvis sig ut i rommet, inn mellom stolradene, og over i eit subtilt koreografisk mønster med tyngdepunkt i sentrum av den intime teatermanesjen på Torshov. Aktørane kjem i ei laust fundert klynge først, samt med eit par utplasserte agentar på galleriet, blant publikum, og muligens bak dørene. Dei betraktar oss, publikum, som om me var ein form for felles fiende, irritasjon eller kanskje berre eit påtrengjande insentiv om at dei likevel må setje i gang spelet. Eller, det går frå byrjinga føre seg noko som veks ut av eit dobbelt dramaturgisk grunngrep: å avkle både seg sjølv og publikum til eit nøytralmodus kor teaterrommet blir markert som eit felles rom og open situasjon, kor aktørane framtrer meir enn opptrer. Med den anonymiserte teatraliten som inntrer mellom dei namnlause karakterane, transformeres óg skiljet mellom scene og sal til ei avspegling av ein felles kropp (forsterka gjennom scenografien som bekler den sirkulære bakveggen med smale striper av spegelglas). Regulære skiljer mellom indre og ytre, sal og scene må vike for eit konglomerat av mennesketypologi, realisert i ein fysisk dynamikk som stadig grensar mot det statiske.
Wir sprechen nur, kunne dei hevda vidare, i det replikkane frå Moliéres tekst kjem i ein saktegåande straum gjennom eit form for organismisk tale-/rørslekor, kor enkelt-aktørane tek replikkane til seg som oppgåver dei må utføre, ord dei skal presentere, eller nærast passere, komme gjennom. Ikkje for å realisere bestemte karaktertypar, men for å opne Moliéres karakteristikkar og idé-lada replikkar på eit meir utfordrande plan: eit karakterlaust rom kor orda strøymer som dekorasjon/av-dekorasjon av menneskesinnets potensielle sjølvmotsigelsar i konfrontasjon med ein klassisk innside/utside problematikk, kor samveret med «dei andre» kompromisslaust sett tvingar individet til degenerering av høge ideal eller oppvurdering av overflateleiken, eller striden, som frigjerande mellommenneskeleg potensial.
Publikumsutskjelling.
Dei tyske replikkane blei aldri uttala i Misantropen på Torshov, men har likevel sidan eg såg førestillinga blitt ståande som parafraser på korleis formuttrykket samtidig arbeider gjennom og imot sitt eige tekstmateriale, og dermed sender ei liknande dobbeltmelding til publikum mellom Moliére-strofene: Wir spielen nicht. Wir sprechen nur. Desse replikkane høyrer til i Peter Handkes såkalla talestykke Publikumsbeschimpfung, publikumsutskjelling altså. Ei utskjelling som forøvrig har blitt ståande som eit performancehistorisk landmerke i sær gjennom uroppsetjinga i Frankfurt, 8.juni 1966, i regi av Claus Peymann (kunstnarisk leiar for Berliner Ensemble). Stykket fekk sin første offisielle oppsetjing i Norge via Deutsches Schauspielhaus i Hamburg og i regi av Sebastian Hartmann under Samtidsfestivalen i Oslo i 2005. Teksten har i takt med sin opphavskontekst ein nærast beat-poetisk struktur som skal framførast av fire aktørar. Utan namn, og utan karakterroller, konfronterer dei fire gjennom teksten sjølve teatersituasjonen, i ein slags obduksjon av tilhøvet mellom teateret som konstruksjon, og teateret som situasjon, her og no. Det heile i direkte tale til sitt publikum. Lys på.
Tilfeldigvis leste eg teksten på ny rett etter eg hadde sett Misantropen, og det var verkeleg som å avlese, iallefall delvis, skjelettet i Chètouane og Torshovensemblets Moliére-risting, med Misantropens tematiske utforsking av våre vennskaps-, kjærleiks-, og fellesskapskonstruksjonar på toppen. Dei to tekstane har for øvrig og eit fellestrekk i seg sjølv gjennom eit humanistisk tematisk potensiale, framstilt i dels misantropiske vendingar.
Avantgardistisk Moliére.
Det ligg iallefall noko uvanleg, og for så vidt diskrét avantgardistisk i lufta der eg sitt på Torshovteatret 1.april 2009, og eg ser publikum dele seg utover det to timar lange konversasjonsspelet mellom dei hjelpelaust halvsovande, dei demonstrativt geispande og dei nærast erigert interesserte (framoverlente, granskande blikk som prøver å trenge gjennom spelets genetiske kode). Men altså, avantgardistisk, fordi Moliéres komedie her blir brukt til å tilsynegjere rommet, aktørane og møtet med publikum som eit pågåande potensiale av motstridande krefter og idear, heller enn som lett-tyggjeleg farse. Riktignok ikkje med eit total nedriving av den fjerde veggen. Den er meir pulverisert, og ligg som eit tynt slør i heile rommet, eller ligg som fragment av distanse som slørar blikket til skodespelarane, slik at dei liksom ser rett på oss og rett gjennom oss samtidig.
Laurent Chètouane (f.1973), er heller ikkje kjent for å male klassikarane med konvensjonell pensel, og kan gjerne assossierast til tysk avantgardeteater. Den franske regissøren og koreografen, med sitt hovudvirke knytta til Berlin og tyske scenar, har utdanning som ingeniør frå Frankrike og USA, i forkant av teaterstudier ved Sorbonne og registudier under Hans Hollmann ved Frankfurt University of Music and Performing Arts. Gjennom arbeid med tekst av såvel Jon Fosse, Johan Wolfgang Goethe og Heiner Müller, har han markert seg med sine dekonstruktivt skarpe behandlingar av tekst, i samkvem med høgt utvikla sans for tilhøvet mellom tekst, kropp og rom. I sitt Tanzstücke 2 kopla han dette direkte opp til ei utforsking av kroppens skjebne i virtualitetens kultur, med den megetsigande undertittelen: Antonin Artaud liest den 2. Akt von Goethe´s Faust 2 und (Antonin Artaud leser 2.akt av Goethes Faust og), kor Goethes tekst skal kroppsleggjerast, igjen, ikkje som karakterisering men som undersøking av korleis dei grunnleggjande bestanddelane verkar på og muliggjer kvarandre.
Det er med andre ord inga overrasking slik sett, at Chètouanes formspråk skiljer seg sterkt frå meir konvensjonelle Molière-tolkingar, kor pudder, parykk og farsefakter blant heilstøpte karakterfigurar har hatt forrang. Med sin minimalisistiske men djuptpløyande innfallsvinkel er det imidlertid ikkje tvil om at den subtilt bekledde tråden av ein tekst Chètouane serverer oss, rører ved ei nerve i Moliéres verk, og hans misantrop Alceste med venner og fiendar, som styrker dei livsfilosofiske aspekta i verket. I lys av den barokk-klassisistiske teatralitetskulturen framstår misantropien her i ein nedstrippa versjon kor menneskehat, sosietetskodeks og humanistiske ideal framtrer som intrikate følgjesvener. Den lyslagde teatersalen klarleg og dimensjonar i replikkane kor det kjønnskodifiserte spelet om gunst og merksemd blir spissa til dystopisk innsikt i makttilhøva mellom biologi, kjønnsdrift, kjærleik og «suksess».
I utgangspunktet står Moliéres tekst som eit av erke-eksempla på eit karakterdrama knytta til det strenge estetiske regelverket a la Académie Françaises (fem akter på aleksandrinar verseform), men med Moliére sjølv som ein slags dobbelt narr i sin eigen kontekst; som komediemakar ved det franske hoff som han slik blir ein del av, men samstundes aldri er medlem av. Misantropen (1666) er oppfølgjaren til Tartuffe eller Den skinnhellige (1664), som var Moliéres mest kontroversielle samtidskommentar. For trass dei regelbundne formene, inneheld begge desse skodespela utvilsamt både radikale nasepeik og grov satire som råker rett inn i hoffet det var sett til å underhalde.
Filleristing?
Eg må derfor smile, nesten le litt når eg skjønar at eg var på førstillinga akkurat 1.april. Ikkje fordi komedien var så hylande morosam akkurat den dagen, men fordi eg likevel ikkje kunne anna enn å more meg av mi eiga begeistring for dette dyster-manierte spelet som jo skulle vera ei «filleristing av klassikaren» i følgje programmet, men som frambrakte følgjande overskrifter i dagspressens kritikkar etter premiera 27. mars: Gjespende kjedeleg, gjespa VG, Søvndyssende i salongen, indignerte Dagbladet, Moliére-miss, utropte Dagsavisen og Harmløs Moliére, sukka min assosierte kollega i Morgenbladet. Som om dette ikkje var giljotinlystent nok, fekk veterankritikar Ida Lou Larsen (idalou.no) og Dagbladets Inger Merete Hobbelstad utmale sin harme på lufta i NRKs Scenerom (P2), eller i allefall sine uoppfylde forventningar om ei førestilling som kunne gi dei smak av sin, eller den rette, Moliére. Felles ankepunktet for dei alle var i hovudsak mangelen på ei tydelegare forvaltning av Misantropens teaterhistorisk sett infamøse og kanoniserte karaktergalleri av misantrop, idealist, romantikar og diverse kokkette/kokketørar. På andre sida var dette dessutan ikkje den filleristinga dei hadde blitt lova, samstemte eit sjeldant unisont kritikarhoff (om me for anledninga/komediens skuld kan tillate oss ein slik tittel…).
Karakterdrap på Torshov, som var overskrifta på Therese Bjørneboe sin kommentar til oppsetjinga i Klassekampen, óg 1.april, kom difor ikkje som ei overrasking, men drapet som hadde virka som eit søvndyssande feilgrep på somme, var her heva til ein langt høgare spennings- og interessefaktor: «Torshovteateret har igjen blitt den radikale og risikovillige scenen det opprinnelig var», kommenterer Bjørneboe, og roser ensemblet for sin eksperimenteringsvilje som ikkje er kvardagskost på statsteatra.
At alle narrars dag var ein god dag å gå til eit «gjespande kjedelig» «karakterdrap» av ei teaterførestilling på, med erketeatraliteten og komediemeisteren frå barokken som eglande grunnprisme kunne vel neppe gå heilt gale tenkte eg. Det gjekk til og med så over all forventning at eg akter å sjå førestillinga ein gong til (før den blir teke av plakaten på grunn av hard kritikk og dårlig billettsal (sic!)). Parentesen står forøvrig som eit strålande etterspel til komediens grunntone av mistru til kvarandres velvilje. Eit trekk av «publikumsbeschimpfung» er ikkje nødvendigvis uttrykk for publikums_forakt_, snarare tvert om: for er ikkje teateret eit rom for å stille til skode sider både av oss sjølv og andre, og våre grunnleggande bestanddelar som kan opne nye perspektiv, rom og dermed friskt meiningspotensiale?
Befriande teaterkunst.
Tilbake i assossiasjon til sitt rette opphav, den franske klassisismen, som er prega av ei utforsking av dei humanistiske ideal: I Chètouane og det glitrande, i disharmoni, samstemte Torshovensemblet, framstår misantropien heller ikkje som eindimensjonalt menneskehat, men som både motsetnad til og grunnføresetnad for eit humanistisk livssyn (- og med eit krav om rett til hat mot hykleri og falsk praksis, noko Moliéres helt heller forøvrig ikkje kan kome unna, og vips var sjølvhatet og innan rekkevidde). I eit kontrollert fritt fall utfrå grunntekstens replikkfordeling, blir den likevel tekstnære framføringa her til ei polering av aktualiteten i Moliéres satiriske alvor, og alvoret Alceste etterlyser er tatt fullstendig til følgje – alle er konfrontert med heilskapens paradoksale grunn. (Publkum inkludert)
Aktørane framstår som vandrande masker i eit indre liv kor ulike synspunkt og handlingsmønster møtes og støtes frå kvarandre. Dei er figurative kroppar, stemmar og organiske ordberarar, som svever mellom sine potensielt individuelle liv og som ein av fleire stemmar innan eit fellesskap, kor brikkene flyt nærast ufrivillig rundt i eit univers dei kan kritisere og opponere mot, men ikkje skilje seg frå.
At somme kan oppleve dette (min analyse), og/eller Chètouanes regi-grep som for høgtsvevande, eller som feilslått behandling av Moliéres verk, er kanskje velbegrunna, men eg vil påpeike at det like godt vitnar om eit teatersyn som tenderer mot eit krav om å bli mata inn ein forståelse av det dei skal sjå før dei har sett det, og for å i det heile tatt kunne forstå det. Er ikkje det i sin tur eit nedvurderande grep i høve til scenekunsten generelt? Publikum på si side bør vel óg reknast som meir enn konsumentar som skal ta i mot postordrepakken sin, om ein no er Molièrebelest eller ikkje? ( Forøvrig er det verdt å nemne at Misantropen er det av Moliéres skodespel som fokuserer minst på ytre handling (kjære Torbjørn Oppedal), noko Chètouanes konseptualisering reindyrkar på ein måte som framhevar haldbarheten i dei ellers lett overkomedierte argumentasjonane i konversasjonanene som ber stykket.)
Takk Liv Bernhoft Osa, Birgitte Larsen, Erland Bakker, Endre Hellestveit, Ågot Sendstad og Torbjørn Haar for ei formidabel oppvisning i genuin, og befriande eksperimenterande teaterkunst. Dette kom ut som ekspressiv minimalisme på høgt plan, og med ei oppvisning i avventningskunst og krevande samspel som gjorde det til ein pirrande teatersituasjon, kor både aktørar og publikum blei til del i spelet på sjølvgranskingas evige dobbeltbunn: tragisk narsissisme (misantropi?)/ det sosiale livs uunngåelege komedie. Til irritasjon eller begeistring i eit teaterrom som ikkje matar sitt publikum med teskei, men gjerne med parykkmoro, trass alt. Det funker ikkje alltid, men det funkla av diskrét briljans her!
Misantropen av Moliére, Torshovteatret
Gjendiktet av André Bjerke
Bearbeidet av Laurent Chétouane
Med: Liv Bernhoft Osa, Birgitte Larsen, Erland Bakker, Endre Hellestveit, Ågot Sendstad, Torbjørn Haar
Regi: Laurent Chétouane
Scenografi/kostymer: Patrick Koch