Evenement: Гражданская Оборона LIVE!!! OSLO

Legendarisk sibirsk punk, alt går etter planen!

!!

Russlands eldste, lengstlevande og desidert største pønkfenomen kjem til Oslo 29. september og spelar på scena kor Wenche Foss hadde sin debut, Olsenbanden har vorte filma og Leif Juster har vore revysjef. Ballet startar klokka 20:00, kostar ein hundrelapp, og Bergensbandet Adolf Ibsen står for oppvarminga.

Medan Rockerussland på 1970- og starten av 80-talet heldt til hovudsakleg i Moskva og St. Petersburg, og stort sett prøvde å unngå trøbbel med myndigheitene, kom Grazjdanskaja Oborona som eit friskt pust på fyrste halvdel av 80-talet. Dei kom frå Omsk i Sibir, spela meir aggressiv rock, og var på ingen måte redde for å skape misnøye hjå dei makthavande. Med sine mystiske tekstar, hardtslåande og melodiøse pønkrock og kontroversielle utsegn har Egor Letov, fronfigur i Grazjdanskaja Oborona, vorte sjølve personifikasjonen av russisk pønk, og han er ifylgje seg sjølv alltid i opposisjon, i Russland i dag så vel som i Sovjetunionen. Han er stadig ein framtredande person i den russiske ålmenta. Grazjdanskaja Oborona er eitt av få russiske band som aldri selde sjela si.

Er du det grann interessert i musikk eller i Russland, så sjåast me på Prosjektskolen den 29. september kl 20:00 (pass på, dei byrjar å spela ganske tidleg), det vert ein uforgløymeleg kveld!

“Adolf Ibsen” fra Bergen varmer opp!

PROSJEKTSKOLEN LIGGER HER: